Homogenitet

Homogenitet tyder likskap eller noko som er einsarta og stammar frå det greske ordet homos, som omsett tyder lik eller einsarta og genos som tyder sort eller type. Det motsette av homogenitet er heterogenitet, som tyder noko som er ueinsarta eller ulikskap.

I zoologien kan ein til dømes snakke om homogene arter, underarter og rasar. Ein meiner då helst at individa gjev eit einsarta uttrykk, noko som tyder at dei liknar særs mykje på kvarandre. På saman måte kan ein innan biologien snakke om ein homogen familie, gruppe, delgruppe o.l. Snakkar ein om ei homogen folkegruppe kan det til dømes tyde at dei har særs like synspunkt og meiningar eller det kan vere snakk om biologiske likskapar.

Snakkar ein om homogene produkt meiner ein gjerne at produkta er så like at forbrukarane kan ha problem med å skilje mellom dei, ofte på ein slik måte at det blir utan tyding kva for eit av produkta ein vel. Ein kan likevel òg snakke om homogeniserte produkt, til dømes homogenisert mjølk. Dette er mjølk der feittet har vorte finfordelt (jamfordelt) gjennom ein homogeniseringsprosess, slik at blandinga blir meir homogen – jamfordelt.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne