Homologiteori

Homologiteori er ei grein av algebraisk topologi der ein realiserer ein samanheng mellom omgrep i topologi og algebra. I homologiteori nyttar ein eigenskapane til grupper og homomorfiane deira til å gjere reie for eigenskapane til ulike rom og avbildingar mellom dei.

Teorien vart innført mot slutten av 1800-talet av Henri Poincaré, men det var først rundt 1950 at teorien fekk den endelege utforminga og aksiomatiseringa gjennom eit verk av Samuel Eilenberg og Norman Steenrod.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne