Honkin' on Bobo Studioalbum av Aerosmith | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. mars 2004[1] | |
Innspelt | 2003 | |
Studio |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 43:57 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | ||
Aerosmith-kronologi | ||
---|---|---|
Just Push Play (2001) |
Honkin' on Bobo | Music from Another Dimension! (2012)
|
Singlar frå Honkin' on Bobo | ||
|
Honkin' on Bobo er det fjortande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Aerosmith, gitt ut 30. mars 2004 på Columbia Records.[1] Albumet inneheld 11 coverversjonar av blues og bluesrock frå 1950-åra og 1960-åra, med ein ny låt, «The Grind». Albumet hyllar dei tidlegaste innverknadane til Aerosmith og viser eit råare lydbilete samanlikna med dei nyare kommersielle albuma deira. Honkin' on Bobo vart produsert av Jack Douglas, som var produsenten til Aerosmith på dei aller fleste av utgivingane deira på 1970-talet.
Albumet selde over 160 000 eksemplar den første veka, og nådde femteplassen på Billboard 200.[2] Honkin' on Bobo vart sertifisert til gullplate av Recording Industry Association of America den 11. mai 2004.[3]