Hopen | |
---|---|
![]() Vêrstasjonen på Hopen sett frå nord | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Barentshavet |
Koordinatar | 76°33′N 25°07′E / 76.550°N 25.117°E |
Øygruppe | Svalbard
|
Areal | 47 km² |
Lengd | 33 km |
Breidd | 2 km
|
Høgaste punkt | Iversenfjellet (370 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Demografi | |
Folketal | 4 |
Folketettleik | 0,1 /km² |
Hopen er ei øy på Svalbard. Øya ligg i Barentshavet 185 km aust for sørspissen av Spitsbergen. Øya er 33 km lang og 2 km brei.
Hopen er omkransa av is mellom november og juli. I denne perioden får Hopen stadig gjesting av isbjørn og fjellrev.
Det finst ymse historier om korleis øya vart oppdaga, men truleg var det Thomas Marmaduke av Hull som fyrst såg øya i 1613. Han var ein engelsk kvalfangar som arbeidde for Muscovy Company i London. Han gav øya namnet Hope Island, truleg etter skuta hans, «Hopewell».
Hopen vart freda som naturreservat 26. september 2003. Heile øya er freda bortsett frå et lite område rundt Meteorologisk institutt sin vêrstasjon.