Hopiar

Ei hopikvinne kjemmar ei ugift jente.
Dancers' Rock og hopibustader i First Mesa.

Hopiar er eit uto-aztekisk urfolk i nordaustlege Arizona i USA. Dei tilhøyrer kultursfæren til pueblofolket. Ved folketeljinga i 2000 meldte 15 275 menneske at dei rekna seg som heilt eller delvis hopi.[1] Ved folketeljinga i 2010 rekna rundt 19 338 innbyggjarar seg som hopiar.[2] Dei fleste av dei er medlemmer av Hopi Tribe of Arizona.[3]

Dei fleste hopilandsbyane ligg i dag på toppen av mesaer nord i Arizona. Opphavleg slo hopiane seg ned ved forten av desse bordfjella, men i løpet av 1600-talet flytta dei opp på dei for å verna seg mot utefolk, apachar og spanjolar.[4] Reservatet til hopifolket dekkjer 6557 km² og er heilt omgjeve av navaho-reservat. Nokre hopiar bur i Colorado River Indian Reservation ved Colorado-elva i vestre Arizona saman med mojavefolk. Saman med dei bur òg hopi-tewafolk.

  1. Census 2000 PHC-T-18. Indian and Alaska Native Tribes in the United States of America: 2000 2010-03-24
  2. Bureau, U. S. Census. «American FactFinder - Results». factfinder.census.gov. Henta 23.juli 2019. [daud lenkje]
  3. Newland, Bryan (2. januar 2023). «Indian Entities Recognized by and Eligible To Receive Services From the United States Bureau of Indian Affairs». Federal Register (88 FR 2112): 2112–16. 
  4. Fewkes, Jesse Walter (1900), Tusayan Migration Traditions, 19th Annual report of the Bureau of American Ethnology to the Secretary of the Smithsonian Institution, Washington, DC: U.S. Government Printing Office, s. 580–1 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne