Hormuzsundet | |||
sund | |||
Land | ![]() ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Persiabukta | ||
![]() Hormuzsundet 26°36′N 56°30′E / 26.6°N 56.5°E | |||
Wikimedia Commons: Strait of Hormuz |
Hormuzsundet er det tronge sundet mellom Persiabukta i vest og Omanbukta som leier til Arabiahavet i aust. Sundet er bogeforma med Iran på nordsida og den omanske enklaven Musandam, som dannar eit nes på Den arabiske halvøya, i sør. Den iranske Hormuzøya ligg vest i sundet.
På sitt smalaste er sundet 54 kilometer vidt. Det er ein flaskehals for skipsfart til og frå Persiabukta, og er strategisk svært viktig. Rundt 20 % av all skipstransport i verda og 40 % av all skipstransport av olje går gjennom Hormuzsundet.
Namnet «Hormuz» (arabisk مضيق هرمز—madīq hurmuz, persisk تنگه هرمز—tangeh-ye hormoz) har to forklaringar. Sidan namnet liknar mykje på det persiske gudenamnet Hormoz, ein variant av Ahura Mazda, blir det gjerne knytt til dette. Etymologisk er det likevel meir truleg at namnet kjem frå hur-mogh (هورمغ) som tyder 'daddelpalme'. Dette er det lokale namnet på sundet i den iranske provinsen Hormozgan.