Horowhenua District | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Manawatū-Whanganui | ||
Areal | 1 063,60 km² | ||
Folketal | 33 000 (30. juni 2018)[1] | ||
![]() Horowhenua District 40°35′20″S 175°20′35″E / 40.589°S 175.343°E | |||
Wikimedia Commons: Horowhenua District |
Horowhenua er eit distrikt på vestkysten av Nordøya på New Zealand.
Til skilnad frå mange andre distrikt har Horowenua ein tydeleg identitet, i så stor grad at «The Horowhenua», som distriktet til vanleg vert kalla, er meir sett på som ein eigen region enn som del av regionen Manawatū-Whanganui, som det offisielt høyrer til.
Distriktet, som ligg nord for Wellington og Kapiti, strekkjer seg frå litt nord for byen Otaki i sør til like sør for Himatangi i nord, og frå kysten mot Tasmanhavet til toppane i Tararua Ranges.
Den største byen og administrasjonssenteret er Levin, mellom andre byar i distriktet er Foxton, Shannon, og Tokomaru. Folketalet i distriktet er 30 600 (estimat juni 2008).