Horslips | |||
Horslips spelar på Black Sheep Festival i Bonfeld i Tyskland i 2014 | |||
Opphav | Dublin i Irland | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1970–1980 Av og til sidan 2004 | ||
Sjanger | Keltisk rock, progressiv rock | ||
Plateselskap | Atco Records | ||
Medlemmer | Eamon Carr Barry Devlin John Fean Jim Lockhart Charles O'Connor Ray Fean |
Horslips er eit irsk keltisk rockeband som skreiv og framførte songar inspirerte av tradisjonell irsk folkemusikk. Gruppa vert rekna som «grunnleggjarane av keltisk rock»[1] og kom til å inspirere mange lokale og internasjonale artistar.[2] Dei vart skipa i 1970 og gav seg i 1980. Namnet kom frå ein bakvendtsnakk av Dei fire riddarane i apokalypsen, på engelsk «The Four Horsemen of the Apocalypse», som vart «The Four Poxmen of The Horslypse».[3][4]
Sjølv om Horslips ikkje hadde så stor kommersiell suksess då dei var aktive i 1970-åra, vart det fornya interesse i musikken deira i 1990-åra og dei kom til å bli rekna som eit av dei styrande banda innan sjangeren keltisk rock. Dei har sidan hatt mindre attsameiningar.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet autogenerated2