Hours Studioalbum av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. oktober 1999[1] | |
Innspelt | 1998–1999 | |
Studio |
| |
Sjanger | Poprock[3] | |
Lengd | 47:06 | |
Selskap | Virgin | |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
The Best of David Bowie 1974/1979 (1998) |
Hours | LiveAndWell.com (1999) |
Studioalbum av David Bowie-kronologi | ||
Earthling (1997) |
Hours | Heathen (2002) |
Singlar frå Hours | ||
|
Hours (skriven som 'hours...' ) er det 21. studioalbumet til den engelske songaren David Bowie. Det kom ut 4. oktober 1999 på Virgin Records. Dette var det siste albumet til Bowie for dette EMI-selskapet. Det var det første komplette albumet av ein stor artist som var tilgjengeleg for nedlasting over Internett, og kom ut to veker før den fysiske utgjevinga.[4]
Sjølv om Hours nådde femteplassen på UK Albums Chart, var dette det første studioalbumet til Bowie sidan The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i 1972 som ikkje gjekk inn på den amerikanske Billboard 200 topp 40, og nådde berre 47. plassen. Det har fått blanda kritikk frå kritikarane.