Houses of the Holy Studioalbum av Led Zeppelin | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. mars 1973 | |
Innspelt | Desember 1971 – august 1972[1] | |
Studio | ||
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 40:57 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | Jimmy Page | |
Led Zeppelin-kronologi | ||
---|---|---|
Led Zeppelin IV (1971) |
Houses of the Holy | Physical Graffiti (1975)
|
Singlar frå Houses of the Holy | ||
|
Houses of the Holy er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin, gjeve ut av Atlantic Records den 28. mars 1973. Tittelen er ei tileigning til tilhengjarane av bandet som dukka opp på spelestader dei kalla «Houses of the Holy». Det var det første Led Zeppelin-albumet som ikkje offisielt vart kalla opp etter bandet. Det var òg det første albumet deira som utelukkande bestod av originale songar. Det representerer eit musikalsk vendepunkt for Led Zeppelin, som byrja å nytte fleire lydspor og produksjonsteknikkar i innspelinga av songane.
Albumet har selt 11 million eksemplar i USA aleine.[2] I 2003 vart Houses of the Holy rangert på 149. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.