Houston | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Texas | ||
Fylke | Harris, Fort Bend, Montgomery | ||
Del av | North Barrier Coast | ||
Areal | 1 558 km² | ||
Folketal | 2 304 580 (2020[1]) | ||
Tidssone | CST (UTC−6) | ||
![]() Houston 29°45′46″N 95°22′59″W / 29.762777777778°N 95.383055555556°W | |||
Wikimedia Commons: Houston | |||
Nettstad: Offisiell nettstad ![]() |
Houston er ein by i den amerikanske delstaten Texas og er med sine 2 304 580 innbyggarar (2020) den fjerde største byen i sørlege USA og den fjerde største i landet. Houston ligg i Søraust-Texas i nærleiken av Galveston Bay og Mexicogolfen. Over fem millionar menneske bur i det urbane området rundt Houston. Byen dannar søraustpunktet av ein urban megaregion kjend som Texas Triangle.[2]
Med berre 45.000 innbyggarar ved førre hundreårsskifte, har Houston vore ein av USAs raskast veksande byar. Det er særleg arbeidsplassar i oljeindustrien som har trekt innflyttarar til byen, som har eit utprega varmt og fuktig klima. Ofte blir framveksten av av billige luftkjølingsanlegg (air condition) som det avgjerande utviklingstrekket i Houstons historie. Fråvær av sentral regulering har gjort at Houston manglar eit typisk sentrumsområde, og framstår snarare som eit stort, samanvakse område av ulike forretningsdistrikt og forstadar.
Byen har ei av dei største hamnene i USA, og er kjend for eit større romfartskontrollsenter Lyndon B. Johnson Space Center i regi av NASA.