Hovden | |||
tettstad | |||
Hovden om vinteren
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Bykle | ||
Areal | 0,65 km² | ||
Folketal | 443 (2024) | ||
Folketettleik | 682 / km² | ||
Postnummer | 4755 HOVDEN I SETESDAL | ||
Preposisjon | på Hovden | ||
![]() Hovden i Setesdal 59°33′37″N 7°21′23″E / 59.56028°N 7.35639°E | |||
Wikimedia Commons: Hovden (Bykle) |
Hovden er ein tettstad i Bykle kommune i Agder fylke. Staden ligg ved Hartevatnet og riksveg 9, om lag 26 km sør for Haukeli.
På Hovden har ein satsa stort på turisme og staden har dei siste åra vore bygd ut til ein omfattande turiststad med høgfjellshotell, hytter og fjellstover. Staden har ei rekkje merkte skiløyper og fotruter. Hovden skisenter er det største skisenteret i Agder-fylka, og trekkjer til seg mange turistar.
Hovden skigymnas har alpin- og langrennslinje. Her er òg noko treindustri og jernvinnemuseum.[1]