Huaso (spansk uttale ˈwaso) er ein landbu og dyktig ryttar frå Chile[1] som kan liknast med den amerikanske cowboyen, den mexicanske charroen (og i nord vaqueroen), gauchoen frå Argentina, Uruguay og Rio Grande Do Sul og den australske stockmanen. Ein kvinneleg huaso blir kalla huasa, men omgrepet china er mykje vanlegare brukt om kona eller kjærasten til ein huaso. Den typiske klesdrakten hennar blir brukt til cuecadansing. Huasoar finst over heile sentrale og sørlege Chile,[2] medan folk med same type arbeid knytt til sauehald i Aysén og Magallanes-regionen er gauchoar.[3] Den viktigaste skilnaden mellom huasoen og gauchoen er at huasosar også driv med jordbruk i tillegg til storfehald.
Huasoar finst særleg i den sentrale dalen av Chile. Dei rir på hestar og bruker typisk ein stråhatt kalla chupalla. Dei bruker også eit poncho-liknande plagg kalla manta eller ein chamanto (opphavleg berre brukt av landeigarar, ettersom dette er mykje meir kostbart) over ein livkort andalusisk jakke, i tillegg til leggings i skinn over støvlettar med sporehaldarar i skinn og ei langskafta spore.
Huasoar er ein viktig del a chilensk kultur, og opptrer gjerne i paradar, fiestaer, ved høgtider og i samband med populærmusikk.[4] Cuecadansing der ei blyg china blir gjort kur til av ein standhaftig huaso, begge i tradisjonelle klede, er vanleg ved slike høve.