Huk | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Huk 59°53′42″N 10°40′34″E / 59.8949°N 10.6762°E | |||
Wikimedia Commons: Huk, Bygdøy |
Huk er eit parkområde og ei badestrand (Hukodden) lengst sør på Bygdøyneset i Oslo.[1] Området vart kjøpt av Aker kommune i 1921. Det finst ei naturiststrand[2] på ei landtunge nordvest for Hukodden, som tidlegare var hagen til børstefabrikant Jordan. Bygdøy-bussen (nr. 30) har endestasjon nesten heilt ute ved stranda på Huk. Tidlegare gjekk det båt til Oslo sentrum i badesesongen, men båtane går no berre til Dronningkaia og Bydgøynes, og den gamle båtbrygga vert no nytta av ein del badande til å hoppe frå.[3].
Like ved strandområdet ligg skulpturen Large Arch (1963–69) av Henry Moore[4][5] og Ikaros av Anne Sofie Døhlen (1965)[4] (Anna Sofie Døhlen 1967)[6].