Humanistisk konfirmasjon (fram til hausten 2005 kalla borgarleg konfirmasjon) er eit livssynshumanistisk kurs og seremoni arrangert av Human-Etisk Forbund for å markere overgangen frå barn til vaksen. Kurset har hovudfokus på livssyn og etikk, og målet er å oppmuntra til sjølvstendig tenking, etisk refleksjon og å styrkje dei humanistiske verdiane i samfunnet.
Kurset tek for seg tema som livssyn, menneskerettar, etikk, identitet, toleranse, samliv, rus og samfunnsansvar. Det blir avslutta med ein høgtideleg seremoni.
Dei fleste deltakarane ved humanistisk konfirmasjon fyller 15 år same året som dei konfirmerer seg. Forbundet har sidan 1997 kunna henta inn namne- og adresselister frå Det sentrale folkeregisteret over alle som er med i det aktuelle årskullet, og kan dermed senda brev for å invitera dei til å konfirmera seg humanistisk.
I 2006 deltok 10 581 ungdommar i humanistisk konfirmasjon over heile landet, dette utgjer 16,7 % av årskullet[1]. Humanistisk konfirmasjon blir arrangert over heile Noreg og er opent for alle. Ein treng altså ikkje vera medlem eller melda seg inn i Human-Etisk Forbund for eller ved å delta på humanistisk konfirmasjon.