Hyderabad

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hyderabad (fleirtyding).
Hyderabad
Utsyn over Hyderabad frå Golconda-festningen
Land  India
Region Telangana
Areal 650 km²
Folketal 6 809 970
Grunnlagd 1592
Kart
Hyderabad
17°21′42″N 78°28′29″E / 17.361667°N 78.474722°E / 17.361667; 78.474722
Wikimedia Commons: Hyderabad, India

Hyderabad er ein by i delstaten Telangana i India. Byen er felles hovudstad for delstatane Telangana og Andhra Pradesh. Hyderabad ligg sentralt på Deccan-høgsletta, ved elva Musi.

Hyderabad hadde 6 809 970 innbyggjarar i 2011 og er sentrum for det sjette største urbane tettområdet i India. Reknar ein med storbyområdet har byen 7 749 334 innbyggjarar. 40 % av innbyggjarane i sjølve byen er muslimar.[1] Muslimane talar for det meste urdu, ikkje telugu, som er hovudspråket i Andhra Pradesh.

Byen er sentrum for kultur og eit samferdsleknutepunkt. Hyderabad har mange moskear og slott, ein zoologisk hage og fleire museum. Industrien i byen omfattar produksjon av tekstil, tobakksvarar, glas, papir og sukker.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet census2011

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne