Hydrogen (eldre òg vasstoff eller brenne) er ein fargelaus, luktfri og ugiftig, men svært brennbar gass. Det er det lettaste av alle grunnstoff og har atomnummer 1 og symbolet H.
Hydrogen kan reagera med dei fleste andre grunnstoff. Det finst i vatn, i alle organiske stoff og i alle organismar. Det er det vanlegaste grunnstoffet i universet, og så godt som alle stjerner i hovudserien består av hydrogen i plasma-fase.
Hydrogen blir brukt i stor skala i industrien. Viktige område er produksjon av ammoniakk for bruk i kunstgjødsel, herding av
feitt og i oljeraffineri under produksjonen av fleire petroleumsprodukt, slik som propan, diesel og flybrennstoff. Hydrogen blir òg mykje nytta som rakettbrennstoff, mellom anna i romferja.
I laboratoriet kan ein laga hydrogen ved å la ei syre reagera med eit metall, til dømes sink. Når ein framstiller hydrogen kommersielt, skjer det vanlegvis ved å bryta ned naturgass. Elektrolyse av vatn er ein enkel, men lite effektiv metode. Forskarar prøver no å utvikla nye metodar som nyttar grøne algar for hydrogenproduksjon.[treng kjelde]