I'm Moving On Country av Hank Snow | ||
B-side |
«With This Ring, I Thee Wed» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1950 | |
Innspelt | 28. mars 1950, Brown Radio Productions i Nashville | |
Sjanger | Country | |
Selskap | RCA Victor | |
Komponist | Hank Snow | |
Tekstforfattar | Hank Snow | |
Låtskrivar(ar) | Clarence E. Snow (Hank Snow) | |
Produsent | Stephen Sholes | |
Hank Snow-kronologi | ||
«The Drunkard's Son» (1950) |
I'm Moving On | «I Cried But By Tears Were Too Late» (1950)
|
«I'm Moving On» er ein countrysong frå 1950, skriven av Hank Snow. Songen er ein 12-taktsblues og nådde toppen av Billboard country singles-lista og låg der i 21 veker og tangerte rekorden til då.[1] Det var den første singelen av sju på toppen av Billboard country-lista til Snow i karrieren hans.[1]
Songen har fire taktar med vers, etterfølgt av åtte taktar med refreng, der dei siste linjene refererer attende til verset:
«I'm Moving On» er ein av tre songar i historia til Billboard country-lista som har lege på toppen i 21 veker. Dei andre var «I'll Hold You in My Heart (Till I Can Hold You in My Arms)» av Eddy Arnold i 1947 og «In the Jailhouse Now» av Webb Pierce i 1953. Han låg 44 veker inne på topp 10 på Billboard-lista.[1] Fram til august 2013 hadde desse tre songane rekorden for lengst tid på toppen av countrylista, før han vart slått av «Cruise» av Florida Georgia Line, som låg 22 veker på toppen av lista fram til 10. august 2013.