I (Who Have Nothing)

I (Who Have Nothing)
Singel av Ben E. King
Utgjeve 1963
Innspelt 1963
Sjanger Pop
Lengd 2:25
Selskap Atco Records
Komponist Carlo Donida
Tekstforfattar Mogol
Låtskrivar(ar) Carlo Donida, Mogol, Jerry Leiber, Mike Stoller

«I (Who Have Nothing)» (stundom kalla «I Who Have Nothing») er ein song opphavleg gjeve ut på engelsk av Ben E. King i 1963.

«I (Who Have Nothing)» er basert på den italienske songen «Uno Dei Tanti» («Ein av mange»), med musikk av Carlo Donida og tekst av Giulio «Mogol» Rapetti.[1] «Uno Dei Tanti» vart gjeven ut av Joe Sentieri i 1961. Den engelske teksten for «I (Who Have Nothing)» vart skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller, som òg produserte Ben E. King-innspelinga ved hjelp av akkompagnementet frå innspelinga til Joe Sentieri med orkesteret diriger av Luis Enriquez Bacalov.

Songen vart nytta i revyen Smokey Joe's Cafe.

  1. «Second Hand Songs - Song:Uno dei tanti - Joe Sentieri». Arkivert frå originalen 14. januar 2007. Henta 9. september 2013. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne