I Can't Quit You Baby Singel av Otis Rush | ||
B-side |
«Sit Down Baby» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1956 | |
Innspelt | Chicago sommaren 1956 | |
Sjanger | Blues | |
Lengd | 2:56 | |
Selskap | Cobra (Cat. nr. 5000) | |
Tekstforfattar | Willie Dixon | |
Låtskrivar(ar) | Willie Dixon | |
Produsent | Willie Dixon | |
Otis Rush-kronologi | ||
I Can't Quit You Baby | «Violent Love» (1956)
|
«I Can't Quit You Baby» er ein bluesstandard skriven av Willie Dixon og først spelt inn av bluesartisten Otis Rush, ein av dei første eksponentane for «West Side Sound».[1] Songen er ein langsam 12-taktsblues, som vart nytta av arrangør og produsent Dixon til å lansere Rush og Cobra Records, sidan det var første singel for begge.[2] Singelen vart ein suksess og nådde sjetteplassen på Billboard R&B-lista i 1956.[3] I sjølvbiografien sin forklarer Willie Dixon at «I Can't Quit You Baby» vart skriven om eit forhold som Rush såg ut til å vere oppteken av på denne tida og som Dixon nytta til å få fram ei lidenskapleg framføring av Rush.[2]
Otis Rush kom attende til «I Can't Quit You Baby» fleire gonger i løpet av åra, mellom anna ei ny innspeling for bluessamlinga Chicago|The Blues|Today! Vol. 2 i 1966 (Vanguard 79217). Denne versjonen hadde eit anna arrangement. Det er denne versjonen dei fleste coverversjonane er baserte på. John Mayall's Bluesbreakers spelte songen i 1967 på Crusade (Decca SKL 4890/London PS 529). I 1969 spelte Little Milton (Checker 1212) og låtskrivaren Willie Dixon (Columbia PC 9987) òg inn songen. Sidan den gong har han vorte spelt av mange bluesartistar og andre artistar.[4] Den originale singelen til Otis Rush vart innlemma i Blues Hall of Fame i 1994.[5]