I Forgot to Remember to Forget

I Forgot to Remember to Forget
Singel av Elvis Presley
frå albumet The Sun Sessions
B-side

«Mystery Train»

Språk engelsk
Utgjeve 20. august 1955
Innspelt Sun Studios 1955
Sjanger country[1]
Lengd 2:28
Selskap Sun 223
Komponist Charlie Feathers, Stan Kesler
Tekstforfattar Charlie Feathers, Stan Kesler
Låtskrivar(ar) Charlie Feathers og Stan Kesler
Produsent Sam Phillips

«I Forgot to Remember to Forget» er ein countrysong skriven av Stan Kesler og Charlie Feathers. Han vart innspelt i Sun Studio den 11. juli 1955 av Elvis Presley, Scotty Moore, Bill Black og Johnny Bernero[2] på trommer, og kom ut på singel 20. august 1955, i lag med «Mystery Train» (Sun 223).[3] Singelen vart gjeven ut på ny av RCA Victor (#47-6357) i desember 1955.

Gitaren til Moore hadde ein Nashville steelgitarlyd og Black spelte ein klipp-klapp-rytme. Dette er det nærmaste trioen kom tradisjonell country medan dei var hos Sun.[4]

Songen gjekk til topps på Billboard si countryliste den 25. februar 1956, og vart liggande der i to veker. Singelen nådde fjerdeplassen på Billboard Most Played by Jockeys-lista.[5][6][7][8] Det var den første singelen som gjorde Elvis Presley kjend landet over som countrystjerner.[9][10] Songen låg på countrylistene i 39 veker.[11]

B-sida av singelen, «Mystery Train», nådde 11. plassen på den nasjonale Billboard country-lista.[12]

  1. The Blue Moon Boys – The Story of Elvis Presley's Band. Ken Burke and Dan Griffin. 2006. Chicago Review Press. page 47. ISBN 1-55652-614-8
  2. «Johnny Bernero». Rockabilly.nl. Henta 1. oktober 2016. 
  3. The Elvis Presley Sun Collection.
  4. The Blue Moon Boys – The Story of Elvis Presley's Band. Ken Burke and Dan Griffin. 2006. Chicago Review Press. page 47. ISBN 1-55652-614-8
  5. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 272. 
  6. Elvis History Blog.
  7. Billboard, 25. februar 1956.
  8. elvis-tkc.com.
  9. «Elvis Presley's Sun Recordings». Elvis.com.au. Henta 1. oktober 2016. 
  10. Collins, Ace (1996). The Stories Behind Country Music's All-time Greatest: 100 Songs. New York: The Berkeley Publishing Group. s. 94–96. ISBN 1-57297-072-3. 
  11. The Blue Moon Boys – The Story of Elvis Presley's Band. Ken Burke and Dan Griffin. 2006. Chicago Review Press. page 46. ISBN 1-55652-614-8
  12. «about the flip side @ Elvis Australia». Elvis.com.au. Henta 1. oktober 2016. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne