IP-telefoni

Døme på bruk av adapter for IO-telefoni. IP-telefona og datamaskinar treng ikkje adapter.

IP-telefoni (òg kalla breibandtelefoni) er ein metode for å overføra tale over eit IP-nettverk, som oftast over internett. IP-telefoni nyttar med andre ord pakkesvitsja nett, som skil seg frå tradisjonell digital telefoni som ISDN, som nyttar linjesvitsja nett. IP-telefonar kan overføra både tale, video, filer, osb. IP-telefoni har difor mykje til felles med videokonferansesystem og grensa mellom IP-telefoni og videokonferansesystem kan ofte vera noko uklår. Videokonferansesesystem har ofte betre kvalitet og legg difor beslag på større kapasitet i nettet.

Ein vanleg datamaskin, som køyrer eit IP-telefoniprogram, kan nyttast som IP-telefon, men han må då stå på kontinuerleg for å ta imot innkomande samtalar. Eit alternativ er å nytta ein såkalla IP-telefon, som ser ut om lag som ein ISDN-telefon, men med Ethernet-tilknyting i staden for ISDN-tilkopling. Smarttelefonar med nettilknyting kan òg nyttast. ISDN-telefonar og analoge telefonapparat kan nyttast, men då krevst det ein adapter. Om ein ikkje har mange telefonar kan det vera rimelegare og enklare å kjøpa IP-telefonar.

IP-telefoni er enda ikkje like driftsikkert som vanleg telefoni over linjesvitsja nett. Medan vanleg telefonnettet vert sett på som kritisk infrastruktur, som mellom anna vert nytta for naudnummer til brannvesen, politi og sjukebil, er det ingen garanti for at IP-telefoni fungerer til ei kvar tid, eller for at ein kjem fram til rett naudstasjon. Lydkvaliteten kan òg variera, både på grunn av overbelastning av nettet og på grunn av for dårleg kvalitet på utstyret. Til dømes er det ikkje alle IP-telefoniprogramma som er utstyrte med akustisk ekkokansellering av god kvalitet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne