I Feel the Earth Move

I Feel the Earth Move
Singel av Carole King
frå albumet Tapestry
A-side

It's Too Late

Utgjeve 16. april 1971
Sjanger Poprock
Lengd 3:00
Selskap Ode
Låtskrivar(ar) Carole King
Produsent Lou Adler
Carole King-kronologi 
«He's a Bad Boy»
(1964)
I Feel the Earth Move «So Far Away» / «Smackwater Jack»
(1971)


«I Feel the Earth Move» er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske songar-låtskrivaren Carole King for det andre studioalbumet hennar, Tapestry. Songen kom òg ut som ein dobbel A-side-singel i lag med «It's Too Late». Begge songane vart ein av dei størstte hittane i 1971.

Jon Landau si melding av Tapestry for Rolling Stone roste King si røyst på dette sporet, og sa at det svingar frå «rått» til «bluesaktig» til «hardt» til «beroligande», der sistnemnde går att i utviklinga i melodien inn i refrenget.[1] Landau skildra melodien i refrenget som «ei pen poplinje».[1] Førti år seinare uttalte Rolling Stone at King sin «varme, alvorlege song» førte «jordisk glede» til songen.[2] Musikkjournalisten Harvey Kubernik skreiv at «I Feel the Earth Move» var «truleg den mest seksuelt aggressive songen på Tapestry» og ei «modig» opning på eit album der stemninga for det meste er «mild vedkjennande».[3] AllMusic-kritikaren Stewart Mason skildra songen som «det ultimate innan hippie-kvinne-erotikk» og at det «høyrest ut som frigjering av ein heil generasjon av forsiktige collegejenter sine kollektive libidoar».[4] Cash Box skildra songen som ein «kraftig 'jordskjelvsong'» og vurderte samankoplinga med «It's Too Late» som singel for å vera «dobbel dynamitt»[5]

Forfatteren James Perone roste måten tekstane og musikken fungerer saman på.[6] Som eit godt døme noterer han seg den synkoperte rytmen til melodien som King syng «tumbling down» over.[6] Denne rytmen, som set aksent på slutten av ordet «tumbling» i staden for i byrjinga, produserer ein «musikalsk ekvivalent av ein 'tumbling' (snuble)». [6] Perone noterer òg at det raske tempoet lèt lyttaren føla begeistringa til songaren over å vera nær kjærasten sin, og at teksten òg uttrykker seksuell spenning sjølv om den spenninga er implisitt.[6] Perone tilskriv noko av suksessen til songen til produsenten Lou Adler si avgjerd om å framheva pianospelinga til King i miksen, noko som gjev songen ei anna kjensle enn den gitarbaserte singer-songwriter-tilnærminga King tok på det førre albumet sitt.[6] Mason tilskriv òg suksessen til songen til den «pianoleia rytmen» og den vokale leveringa til King.[4]

King sin versjon av «I Feel the Earth Move» gjekk til topps på Billboard Hot 100-lista datert 19. juni 1971. Han låg der i fem veker på rad.[7] Han nådde òg sjetteplassen i Storbritannia.

På grunn den positive karakteren, valde Ode Records «I Feel the Earth Move» som A-sida til den første singelen frå Tapestry. Han vart spelt på radio, men så byrja diskjockeyar og lyttarar å føretrekka den langsamare, klagande B-siden «It's Too Late». Begge sider vart spelte på radio ei stund, men til slutt dominerte «It's Too Late». På den samtidige Cash Box-lista, som framleis følgde framdrifta til begge sidene av ein singel separat, låg «It's Too Late» fire veker på toppen av lista, medan «I Feel the Earth Move» ikkje var på lista i det heile. Uansett, sidan Billboard hadde erklært plata som ei dobbel A-side og lista deira vart gradvis sett på av mange som den «offisielle» singellista, er det er generelt oppført i bøker og artiklar at både «I Feel the Earth Move» og «It's Too Late» nådde nummer 1.

Saman med «It's Too Late» vart «I Feel the Earth Move» kåra av RIAA til 213. plassen av 365 Songs of the Century.

  1. 1,0 1,1 Landau, Jon (29. april 1971). «Carole King: Tapestry». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 18. april 2008. 
  2. «500 Greatest Albums of All Time: Tapestry». Rolling Stone. 31. mai 2009. Arkivert frå originalen 27. april 2013. Henta 15. mai 2022. 
  3. Kubernik, H. «Troubadours: Carole King / James Taylor & The Rise of the Singer-Songwriter: Carole King's Monumental Tapestry Album». pbs.org. Henta 15. mai 2022. 
  4. 4,0 4,1 Mason, S. «I Feel the Earth Move». AllMusic. Henta 15. mai 2022. 
  5. «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box. 1. mai 1971. s. 24. Henta 10. desember 2021. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Perone, J.D. (2006). The Words and Music of Carole King. Greenwood Publishing. s. 33–34. ISBN 9780275990275. 
  7. «The Hot 100: 19. juni 1971». Billboard. Henta 23. februar 2013. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne