«I Wanna Be Your Man» Singel av The Rolling Stones | ||
B-side |
«Stoned» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. november 1963 | |
Innspelt | 7. oktober 1963 | |
Sjanger | Beat | |
Lengd | 103 sekund | |
Selskap | Decca Records F.11764 | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
Produsent | Andrew Loog Oldham | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«Come On» (1963) |
«I Wanna Be Your Man» | «Not Fade Away» (1964)
|
«I Wanna Be Your Man» er ein song skrive av John Lennon og Paul McCartney, og først spelt inn av The Rolling Stones og seinare av The Beatles.
Beatles sin versjon vart sungen av Ringo Starr og kom ut på albumet With the Beatles i 1963. The Rolling Stones sin versjon var ein tidleg hitsingel for dei, og var ei særs blues-aktig utgåve med Brian Jones på slidegitar og Bill Wyman på drivande bass. Det var òg ein av dei få Stones-songane som hadde Jones på korvokal. I USA vart songen seinare gjeve ut som B-sida til «Not Fade Away» den 6. mars 1964.
I følgje forskjellige kjelder møtte anten the Rolling Stones sin manager og produsent, Andrew Loog Oldham, eller the Rolling Stones sjølv på Lennon og McCartney på gata. Dei fekk vite at Rolling Stones var i beit for ein singel og drog tilbake til øvingslokalet der dei øvde og skriv ferdig «I Wanna Be Your Man», som dei alt hadde skrive versa til, medan Rolling Stones imponert stod ved sida av og såg på.[1]