I Want to Break Free Singel av Queen frå albumet The Works | ||
B-side |
«Machines (or 'Back to Humans')» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. april 1984 | |
Innspelt | 1983 | |
Sjanger | rock | |
Lengd | 3:20 (album) 4:21 (singel) 7:16 (extended mix) | |
Selskap | EMI, Capitol, Toshiba | |
Komponist | John Deacon | |
Tekstforfattar | John Deacon | |
Låtskrivar(ar) | John Deacon | |
Produsent | Queen og Reinhold Mack | |
Queen-kronologi | ||
«Radio Ga Ga» (1984) |
I Want to Break Free | «It's a Hard Life» (1984)
|
«I Want to Break Free» er ein song av det britiske rockebandet Queen, frå det ellevte studioalbumet The Works (1984). Songen er skriven av bassisten John Deacon, og vart gjeve ut på singel. Songen kom ut i tre versjonar: album, singel og ein lengre versjon, som var meir enn dobbelt så lang. Han vart spelt på dei fleste konsertane til gruppa, og på The Freddie Mercury Tribute Concert der han vart sungen av Lisa Stansfield.
Songen er i stor grad mest kjend for musikkvideoen, der alle bandmedlemmane er utkledde i kvinneklede, eit konsept som Roger Taylor føreslo som ein parodi på såpeoperaen Coronation Street. Den andre delen av videoen inkluderte in komposisjon øvd og framført ved Royal Ballet og koreografert av Wayne Eagling. Parodien vart godt likt i Storbritannia, men skapte kontroversar i USA og vart bannlyst av MTV[1] og andre stasjonar. Etter singelen kom ut i 1984 vart han godt motteken i heile Europa og Sør-Amerika, der han gjekk inn på topp 10 på singellistene og vart rekna som ein kampsong mot undertrykking. Singelen nådde berre 45. plassen på salslista i USA, men tredjeplassen i Storbritannia, der han selde til sølvplate.[2]