I Wish It Could Be Christmas Everyday Singel av Wizzard | ||
B-side |
Rob Roy's Nightmare (A Bit More H.A.) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1973 | |
Innspelt | August 1973 | |
Studio | Phonogram Studios, Stanhope Place, Marble Arch i London | |
Sjanger | Glamrock, julemusikk, poprock | |
Lengd | 4:38 | |
Selskap | Harvest, Warner Bros. Records | |
Komponist | Roy Wood | |
Tekstforfattar | Roy Wood | |
Låtskrivar(ar) | Roy Wood | |
Produsent | Roy Wood | |
Wizzard-kronologi | ||
«Angel Fingers» (1973) |
I Wish It Could Be Christmas Everyday | «Rock 'n' Roll Winter (Loony's Tune)» (1974)
|
«I Wish It Could Be Christmas Everyday» er ein julesong av det britiske glamrockbandet Wizzard. Han kom først ut i desember 1973 og var skriven og produsert av frontmannen Roy Wood—tidlegare i The Move og Electric Light Orchestra. Trass i at songen har vore populær sidan han kom ut, har han aldri nådd høgare enn fjerdeplassen på UK Singles Chart, der han låg fire veker på rad frå desember 1973 til januar 1974.[1] Songen vart slått i 1973 av Slade sin «Merry Xmas Everybody», som låg på toppen av lista denne jula.
Wood syng solovokal medan The Suedettes og eit kor frå Stockland Green School syng korvokal.