Ibn Battuta | |
![]() | |
Verkeleg namn | أبو عبد الله محمد ابن بطوطة Abū ‘Abdullāh Muḥammad Ibn Baṭṭūṭa |
Fødd | 24. februar 1304 Tanger |
Død | |
Yrke | oppdagar, geograf, skribent, kartograf, kadi, handelsmannn, reisande, faqih |
Språk | arabisk, persisk, tyrkisk |
Religion | Islam |
Ektefelle | first wife of Ibn Battuta |
Ibn Battuta på Commons |
Abu Abdullah Muhammad Ibn Battuta (24. februar 1304–ca. 1377) var ein marokkansk reisande, rettslærd og forfattar. Skildringane hans av reiser gjennom Afrika og Asia mellom 1325 og 1354, gjev eit godt bilde av den muslimske verda på denne tida. Dei vidkjende reiseskildringane hans, kjend som Rihlah, skildrar reiser på over 120 000 km der han vitja nesten alle dei muslimske landa i verda, frå Vest-Afrika til Kina.