Iman Meskini | |||
Fødd | 3. mars 1997 (28 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ski kommune | ||
Verka som | skodespelar | ||
Prisar | Jenteprisen |
Iman Meskini (fødd 3. mars 1997) er ein norsk skodespelar.
Ho er kjend for rolla som Sana Bakkoush i dramaserien Skam som vart send av NRK, og hadde hovudrolla i fjerde og siste sesong av serien.[1] For TV-serien vart Meskini nominert til publikumsprisen under Gullruten 2018.[2]
I 2019 var Meskini med på kjendisversjonen av 71 grader nord. Ho enda opp på 2. plass i programmet, bak tidlegare langrennslaupar Thomas Alsgaard.
Meskini studerte arabisk og midtaustenstudiar ved Universitetet i Oslo.[1]
Mor hennar er frå Noreg og far hennar er frå Tunisia.[3]