Immatain

Immatain
إماتين, אימאתין
kommune
Namneopphav: Amatin s.n.[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Qalqilya guvernement
Koordinatar 32°11′31″N 35°09′27″E / 32.19194°N 35.15750°E / 32.19194; 35.15750
Areal 10,0 km²
Folketal 2 450  (2006)
Folketettleik 245 / km²
Grunnlagd 1250 (estimert)
Borgarmeister Haythem Sameer Sawan
Kart
Immatain
32°11′31″N 35°09′27″E / 32.191944444444°N 35.1575°E / 32.191944444444; 35.1575
Kart som viser Immatain.
Kart som viser Immatain.
Kart som viser Immatain.
Wikimedia Commons: Immatain

Immatain (arabisk إماتين, hebraisk skrift אימאתין) er ein palestinsk landsby i Qalqilya guvernement nordvest på Vestbreidda, kring 17 kilometer sørvest for Nablus.

I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Immatain eit folketal på kring 2 450 innbyggjarar i 2006.[2]

Området kring landsbyen er fylt med oliventre, skogar og blømande vegetasjon. Immatain livnærer seg av jordbruk og støtte frå etterkomarar som bur utanlands. Den nærmaste staden er landsbyen Fara'ata, som ligg ein kilometer unna. Immatain og dei kringliggande landsbyane utgjer Amra-området. Desse landsbyane er: Fara'ata, Jit, Kafr Qaddum, Baqat al-Hatab, Hajja, Jinsafut og al-Fanduq.

  1. Palmer, 1881, s. 178
  2. Projected Mid -Year Population Arkivert 2008-02-07 ved Wayback Machine. for Qalqilya guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne