Indisk litteratur omfattar litteratur på fleire språk, som dei moderne indiske språka bengali, bihari, gujarati, hindi, kannada, malayalam, punjabi, tamil, telugu og så vidare, engelsk sidan kolonitida og eldre språk som vedisk, episk og klassisk sanskrit, prakritspråk som ardhamagadhi, pali, maharashtri og shauraseni og klassisk tamil.
Den eldste indiske litteraturen er hovudsakleg religiøse og vitskaplege tekstar, som Vedaene, Mahabharata og Ramayana knytt til hinduismen, Palikanonen og Jatakasogene frå buddhismen og Kalpasutra, Tattvarthasutra og Naaladiyar frå djainismen. Nokre kjende klassiske enkeltverk er sanskritverka Sjakuntala av Kalidasa, Arthasjastra av Kautilya, Natyasjastra av Bharata Muni og Kamasutra av Vatsyayana, og dei tamilske Tolkappiyam og Thirukkural. Mykje eldre litteratur er omsetjingar av, kommentarar til eller inspirerte av dei eldre verka.
Tidlege hindiforfattarar er dei religiøse diktarane Kabir, Mirabai og Tulsidas, medan nyare forfattarar er Bharatendu Harishchandra, Munshi Premchand og Maithili Sharan Gupt. Andre viktige namn innan moderne indisk litteratur er bengaliforfattarane Rabindranath Tagore, Sukanta Bhattacharya og Bankim Chandra Chattopadhyay. Tidlege engelskspråklege forfattarar er Mulk Raj Anand, Raja Rao og R.K. Narayan. Seinare kjende indiske eller indiskfødde forfattarar som skriv på engelsk er mellom anna Vikram Seth, Salman Rushdie, Rohinton Mistry, Jhumpa Lahiri, Kamala Markandaya og Arundhati Roy.