Ine Hoem | |||
![]() | |||
Fødd | 19. desember 1985 (39 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | jazz | ||
Plateselskap | Propeller Recordings | ||
Verka som | musikar, komponist, jazzsanger | ||
Far | Edvard Hoem |
Ine Kristine Hoem (fødd 19. desember 1985) er ein norsk låtskrivar og artist. Ho er fødd og vakse opp på Grünerløkka i Oslo, men har sterke røter i Fræna i Møre og Romsdal, som far hennar Edvard Hoem kjem frå.[1]
I musikken sin hentar ho inn element frå både moderne popmusikk og jazz-universet.
Hoem sitt gjennombrot kom med albumet Angerville,[2] og singelen «This Year»[3] har over 4 millionar avspelingar på Spotify. Låten fekk mykje speletid på norsk radio, og figurerte òg i den amerikanske TV-serien Degrassi.
I 2017 kom oppfølgaren Moonbird[4], produsert i samarbeid med Tobias Frõberg (Ane Brun, Bjørn Eidsvåg). I kjølvatnet av albumsleppet turnerte Ine Hoem som support for Veronica Maggio[5] og spelte ei mengd klubbkonsertar og festivalar i Noreg.
Ine Hoem sitt tredje album Hundre Dager vart sloppe 24. januar 2020[6] og er hennar første med norsk tekst. Albumet fekk god kritikk i norsk presse. Hundre dager er produsert i samarbeid med Markus Lillehaug Johnsen (Marthe Wang – Ut og se noe annet, 2017) i samspel med David Wallumrød (keys), Bjørn Sæthre (trommer) og Jo Berger Myhre (bass).[7]
Ine Hoem er tidligare vokalist i bandet PELbO, og har medverka på ei rekke norske jazzutgivingar, og samarbeidd med musikarar som Jo Skaansar, Trygve Seim og Kjetil Bjerkestrand. Ho vann seinare Musikkprisen i regi av Ocean Sound Recordings, vart nominert til Bendiksenprisen i 2015 og er NTNUs ambassadør på livstid.[7]