Inflasjon er ei varig prisstiging av varer og tenester i ein økonomi.[1] Når det generelle prisnivået stig, vil kvar eining av ein valuta kunna kjøpa færre varer og tenester, og såleis korresponderer inflasjon med ein reduksjon av kjøpekrafta til pengar.[2][3] Det motsette av inflasjon er deflasjon, som er ein varig nedgang i det generelle prisnivået av varer og tenester. Den vanlegaste måleeininga av inflasjon er inflasjonsrate, som er årleg prosentvis endring i den generelle prisindeksen.[4]
Ikkje alle prisane vil auka like raskt. Å festa ein representativ verdi til eit sett av prisar er eit døme på «indeksproblemet».[5] Konsumprisindeksen er ofte nytta til dette føremålet. Differensiell rørsle mellom konsumprisar og lønsnivå fører til ei endring av levestandarden. Årsakene til inflasjon har vore omdiskuterte, men det er konsensus i at vekst i tilgangen på pengar er den dominerande faktoren.[6]
Dersom pengar var nøytrale, ville inflasjon ikkje ha effekt på realøkonomien.[7] Effektar på realøkonomien er særs disruptive i tilfelle veldig høg inflasjon eller hyperinflasjon.[8] Meir moderat inflasjon påverkar økonomiar i både positiv og negativ retning. Dei negative effektane er mellom anna ein auke i alternativkostnaden av å ha pengar, uvisse om framtidig inflasjon som avskrekkar investeringar og sparing, og dersom inflasjonen var snøgg nok, mangel på varer når konsumentar byrjar å hamstra på grunn av frykt for at prisane vil auka i framtida. Positive effektar femner reduksjon av arbeidsløyse på grunn av ein nominell rigiditet i løningane[9], som gjev sentralbanken større fridom i utforminga av pengepolitikken, som oppmodar til lån og investeringar i staden for hamstring av pengar, og at ein unngår ineffektivitetane assosierte med deflasjon.
I dag føretrekkjer mange økonomar ein låg og stabil inflasjon.[10] Låg (i motsetnad til null eller negativ) inflasjon reduserer alvorsgraden av økonomiske resesjonar ved at arbeidsmarknaden kan tilpassa seg raskare i ein nedgangsperiode, og reduserer risikoen for at ei likviditetsfelle hindrar pengepolitikken frå å stabilisera økonomien.[11] Ansvaret for å halda inflasjonsraten låg og stabil er vanlegvis gjeve til monetære styresmakter. Dei monetære styresmaktene er hovudsakleg sentralbankar som kontrollerer pengepolitikken gjennom å fastsetja renter, gjera marknadsoperasjonar og, meir sjeldan, stilla krav til reservar haldne av kommersielle bankar.[12]