Innuendo Studioalbum av Queen | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. februar 1991 | |
Innspelt | Mars 1989–november 1990 | |
Studio | ||
Sjanger | ||
Lengd | 53:44 | |
Selskap |
| |
Produsent |
| |
Queen-kronologi | ||
---|---|---|
The Miracle (1989) |
Innuendo | Made in Heaven (1995) |
Singlar frå Innuendo | ||
|
Innuendo er det fjortande studioalbumet til det britiske rockebandet Queen. Det kom ut i februar 1991 og var det siste studioalbumet som vart gjeve ut medan Freddie Mercury levde og det siste med berre nye songar. Det nådde toppen av albumlista i Storbritannia (to veker), Nederland (fire veker), Tyskland (seks veker), Sveits (åtte veker) og Italia (tre veker). Det vart gjeve ut i USA dagen etter det kom ut i Storbritannia. Det var det første albumet til Queen som selde til gullplate i USA sidan The Works i 1984.
Albumet vart spelt inn mellom mars 1989 og november 1990.[2] Våren 1987 hadde Mercury fått diagnosen AIDS, men heldt sjukdomen skjult for media og nekta for dei mange rapportane om at han var alvorleg sjuk. Bandet og produsentane prøvde å få albumet ut i november eller desember, i tid til julesalet, men den dårlege helsa til Mercury gjorde at det ikkje kom ut før i februar 1991. Stilmessig var Innuendo eit slags steg attende til røtene til Queen,[3] med ein hardare rockelåt, komplekse musikalske komposisjonar (tittelsporet), psykedeliske effektar («I'm Going Slightly Mad»), og mektig røyst frå Mercury over fire oktavar.[4] Ni månader etter albumet kom ut, døydde Mercury av lungebetennelse tilknytt AIDS-sjukdommen. Så langt er det seld kring 5,5 millionar eksemplar av albumet verda over.
Albumet vart designa av Queen og Richard Gray. Heftet og singleomslaga er laga av Grandville, eller er inspirerte av illustrasjonane hans. Innuendo vart kåra til det 94. beste albumet gjennom tidene i ei nasjonal undersøking av BBC i 2006.[5]