Interjeksjon

Interjeksjonar blir mykje brukt i teikneseriar og vitseteikningar.

Interjeksjon (frå latin inter, 'mellom' og iacere, kasta), utropsord eller ropeord er ei ordklasse som består av ord som står heilt utanfor syntaksen, det vil seie utanfor setningsbygninga. Vi kan seie at interjeksjonane ikkje står i ei setning, men i staden for ei setning. Interjeksjonar blir heller ikkje bøygde. Fordi dei fyller same plassen som ei setning blir dei i skrift gjerne skilde ut med utropsteikn, punktum eller komma. Dei kan innehalda lydsamband som ein ikkje finn elles i språket (t.d. «ptroh!»).

Interjeksjonar kan brukast for å påkalla merksemd, helsa eller uttrykka sterke kjensler, som ved banning.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne