Interstellar Overdrive Song av Pink Floyd frå albumet The Piper at the Gates of Dawn | ||
Utgjeve | 5. august 1967 | |
Innspelt | Mars og april 1967 | |
Sjanger | ||
Lengd | 9:41 16:52 (London '66–'67) | |
Selskap |
| |
Komponist | Syd Barrett | |
Tekstforfattar | Syd Barrett, Nick Mason, Roger Waters, Richard Wright | |
Låtskrivar(ar) | ||
---|---|---|
Produsent | Norman Smith |
«Interstellar Overdrive» er ein psykedelisk instrumental av Pink Floyd frå albumet deira The Piper at the Gates of Dawn frå 1967. Songen varer nesten ti minutt, men ein lenger versjon vart spela inn tidlegare som filmmusikk for Tonite Let’s All Make Love in London, som kom same året. Albumversjonen er spelt inn 16. mars 1967 med ekstra musikalske tillegg i juni same året.
«Interstellar Overdrive» var ein av dei aller første psykedeliske instrumentalimprovisasjonane som vart spelt inn av eit rockeband, og vert sett på som Pink Floyd sitt første steg inn i space rock (i lag med «Astronomy Domine»), sjølv om bandet seinare kritiserte dette uttrykket. Songen skildrar godt korleis konsertane til Pink Floyd var på denne tida, men skil seg frå resten av albumet med sin fritt format-struktur. Konsertversjonane av songen hadde mange fleire parti som ikkje vart brukt i versjonen på albumet, og kunne ofte vare meir enn 20 minutt. Då bandet spelte på undergrunnsklubbar i London, som UFO Club, opna dei som regel med denne songen. Songen vart sist spelt på konsertar i 1970, og då som ekstranummer.