Iron Maiden | |||
Øvst: Steve Harris (V), Dave Murray (H) Midten: Adrian Smith (V), Bruce Dickinson (H) Nedst: Nicko McBrain (V), Janick Gers (H) | |||
Opphav | Leyton i London i England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1975 til i dag | ||
Sjanger | Heavy metal[1] | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Medlemmer | *Steve Harris | ||
Prisar | Grammypris for beste Metal-band |
Iron Maiden er eit engelsk heavy metal-band skipa i Leyton i Aust-London i 1975 av bassisten og låtskrivaren Steve Harris. Bandet har så langt gjeve ut seksten studioalbum og elleve konsertalbum.
Bandet er pionerar innan new wave of British heavy metal (den nye bølgja innan britisk tungmetall) og fekk først suksess tidleg i 1980-åra. Etter fleire endringar i besetninga, gav bandet ut ei rekkje platina- og gullplater i Storbritannia og USA, som The Number of the Beast i 1982, Piece of Mind i 1983, Powerslave i 1984, konsertalbumet Live After Death i 1985, Somewhere in Time i 1986 og Seventh Son of a Seventh Son i 1988. Etter at vokalisten Bruce Dickinson og gitaristen Adrian Smith om attende til bandet i 1999, har dei igjen blitt populære,[2] og gav i 2010 studioalbumet The Final Frontier, som nådde toppen av albumlistene i 28 land og fekk god omtale. Det sekstande studioalbumet, The Book of Souls, kom ut 4. september 2015.
Trass i lite speletid på radio og TV,[3] vert Iron Maiden rekna som eit av dei mest suksessrike heavy metal-banda i historia. Express.co.uk rapporterte i 2017 at bandet har seld over 100 millionar plater verda over.[4] Bandet vann Ivor Novello-prisen for internasjonale prestasjonar. Bandet har heldt over 2000 konsertar i karrieren sin. Dei siste 35 åra har bandet vore kjend for maskoten «Eddie», som er avbilda på nesten alle album- og singelomslaga deira, i tillegg til at han er med på konsertane deira.