Irsk Gaeilge | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk | |
Bruk | ||
Tala i | Republikken Irland, Nord-Irland, Canada, Argentina | |
Område | Gaeltacht, hovudsakleg vest og nordvest i Irland | |
Irsktalande i alt | 1 570 000 (20–40 000 som daglegspråk) | |
Skriftsystem | latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Republikken Irland, Nord-Irland | |
Normert av | Foras na Gaeilge | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ga | |
ISO 639-2 | gle | |
ISO 639-3 | gle |
Irsk (Gaeilge) er eit keltisk språk som vert tala og nytta på øya Irland. Det er det fremste offisielle språket i Republikken Irland, sjølv om eit stort fleirtal av folkesetnaden har engelsk som fyrstespråk. Irsk har fått ei formell godkjenning som minoritetsspråk i Nord-Irland. I Langfredagsavtala av 1998 aksepterte den britiske regjeringa irsk og ulsterskotsk som minoritetsspråk i provinsen. 13. juni 2005 vart det samrøystes vedteke at irsk vert eit offisielt språk i den europeiske unionen. Vedtaket fekk verknad frå 1. januar 2007.