Ishockey-VM 1963

Verdsmeisterskapen i ishockey 1963 vart arrangert i Stockholm i Sverige i tida frå 8. mars til 17. mars 1963. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei åtte deltakarlanda møttest i innbyrdes oppgjer. Sovjetunionen vart verdsmeister med betre målskilnad enn Sverige, Tsjekkoslovakia kom på bronseplass.

Sverige vann 2-1 over Sovjetunionen i sin andre kamp. Avgjerande for pokalkampen vart det at i lagas siste kamp i turneringa tapte Sverige 2-3 mot Tsjekkosolovakia.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne