Ishockey-VM 1966

Verdsmeisterskapen i ishockey 1966 vart arrangert i Ljubljana, Zagreb og Jesenice i dåverande Jugoslavia i tida frå 3. mars til 13. mars 1966. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei åtte deltakarlanda møttest i innbyrdes oppgjer. Sovjetunionen vart verdsmeister med seks sigrar og ein uavgjortkamp. Tsjekkoslovakia tok sølvplassen og Canada kom på bronseplass.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne