Verdsmeisterskapen i ishockey 1972 vart arrangert i Praha i Tsjekkoslovakia i tida frå 7. til 22. april 1972. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei seks deltakarlanda møttest i doble innbyrdes oppgjer. Arrangørlandet Tsjekkoslovakia vart verdsmeister for aller fyrste gong. Sovjetunionen fekk sølv og Sverige bronse.