Ishockey-VM 1977

Verdsmeisterskapen i ishockey 1977 vart arrangert i Wien i Austerrike i tida frå 21. april til 8. mai 1977. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei åtte deltakarlanda møttest til innbyrdes oppgjer i eit gruppespel. Deretter møttest dei fire beste laga på nytt i eitt innbyrdes sluttspel i kampen om VM-tittelen, medan dei fire laga med færrast poeng møttest til spel om plassane 5 til 8. Alle laga tok med seg poenga i gruppespelet til sluttspelet.

Tittelforsvarar Tsjekkoslovakia forsvarte meistertittelen. Sverige kneip sølvplassen framom Sovjetunionen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne