Verdsmeisterskapen i ishockey 1981 vart arrangert i Sverige i tida frå 12. til 26. april 1981. Meisterskapen vart avvikla med gruppespel à fire lag i dei to gruppene, fordelt på Göteborg og Stockholm. Deretter gjekk dei to beste laga i gruppene vidare til eit meisterspel der alle laga møttest i to kampar før medaljestriden var avgjort. Laga som ikkje tok seg til meisterspelet, møttest like eins i to innbyrdes kampar i striden om å unngå nedrykk til B-pulja. Alle kampane i sluttspela fann stad i Göteborg.
Sovjetunionen vart verdsmeister framom arrangørlandet Sverige som kneip sølvmedaljen. Tsjekkoslovakia fekk bronse.