Ishockey-VM 1982

Verdsmeisterskapen i ishockey 1982 vart arrangert i Finland i tida frå 15. til 29. april 1982. Meisterskapen vart avvikla med innleiingsrunde der dei åtte deltakarlanda møttest i til innbyrdes oppgjer. Dei fire beste laga i innleiingsrunda gjekk vidare til eit meisterspel der laga møttest på ny før medaljestriden var avgjort. Desse fire laga tok med seg alle poenga frå innleiingsrunda inn i meisterspelet. Turneringa fann stad i Helsinki og Tampere.

Sovjetunionen vart verdsmeister, Tsjekkoslovakia fekk sølv og Canada bronse.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne