Ishockey-VM 1986

Verdsmeisterskapen i ishockey 1986 vart arrangert i Moskva i Sovjetunionen i tida frå 12. til 28. april 1986. Meisterskapen vart avvikla med innleiingsrunde der dei åtte deltakarlanda møttest til innbyrdes oppgjer. Dei fire beste laga i innleiingsrunda gjekk vidare til eit meisterspel der laga møttest på ny før medaljestriden var avgjort, alle laga starta då utan poeng. Dei fire laga med færrast poeng i innleiingsrunda tok med derimot med seg alle poenga frå innleiingsrunda inn i eit nedrykksspel.

Arrangørlandet Sovjetunionen vann alle ti kampane det spelte og tok gull. Sverige sikra seg sølvplassen og Canada fekk bronse.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne