Island Girl

Island Girl
Singel av Elton John
frå albumet Rock of the Westies
B-side

«Sugar on the Floor»

Utgjeve 29. september 1975
Sjanger Rock
Lengd 3:42 (singel)
Selskap MCA (US/Canada)
DJM Records
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi 
«Someone Saved My Life Tonight»
(1975)
Island Girl «Grow Some Funk of Your Own»/«I Feel Like a Bullet (In the Gun of Robert Ford)»
(1976)


«Island Girl» er ein song av Elton John på albumet Rock of the Westies frå 1975. Songen vart gjeven ut som singel og nådde førsteplassen på Billboard Hot 100 i USA og 14. plass i Storbritannia i 1975. Singelen selde til gullplate same året og platina i 1995.[1] Det var den første singelen frå albumet.

Teksten handlar om ein prostituert i New York City og ein mann som ønskjer å ta den prostituerte med seg tilbake til Jamaica. Jenta i «Island Girl» er openbert ein mannleg prostituert sidan John syng «She's a big girl/she's standin' six-foot-three/turning tricks for the dudes in the big city». På denne tida var det ikkje kjend offentleg at Elton John var homofil. Året etter sa han i Rolling Stone at han var biseksuell og i 1988 stadfesta han at han var homofil, då han offentleg annonserte eit forhold til ein annan mann.

B-sida til singelen var «Sugar on the Floor», som var skriven av Kiki Dee, som sidan song fleire duettar med Elton John, mest kjend året etter på singelen -«Don't Go Breaking My Heart».

  1. "Weekly Billboard Hot 100 No. 1 Songs from the First 50 Years", Billboard.com. 2008.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne