Isle of Wight | |||
grevskap | |||
|
|||
Motto: All this beauty is of God | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Søraust-England | ||
Del av | Søraust-England | ||
Areal | 384 km² | ||
Folketal | 140 000 (2008) | ||
Grunnlagd | Historisk | ||
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap | ||
Isle of Wight 50°40′00″N 1°16′00″W / 50.666666666667°N 1.2666666666667°W | |||
Kart som viser Isle of Wight.
| |||
Wikimedia Commons: Isle of Wight |
Isle of Wight er ei øy og eit grevskap i England, 5-8 km utanfor sørkysten av England i Den engelske kanalen. Ho er skild frå fastlandet av sundet Solent og ligg sør for grevskapet Hampshire. Øya er kjend for den vakre naturen og feriestadane, som har vore populære sidan viktoriansk tid.
Øya har ei rik historie, inkludert ein kort periode som sjølvstendig kongedømet på 1400-talet. Ho var heimstaden til diktaren Alfred Tennyson og dronning Victoria bygde ein av sommarbustadane sine her. Den maritime og industrielle historia til øya omfattar skipsbygging, seglmaking, produksjon av flybåtar, den første luftputeskipet i verda og testing og utvikling av britiske romrakettar. Her vert Isle of Wight International Jazz Festival, Bestival og den nyoppretta Isle of Wight Festival halde. Sistnemnde festivialen i 1970 var ein av dei største rockehendingane som nokon gong er halde.[1] Øya har eit uvanleg dyreliv og nokre av dei rikaste dinosaurfossilfunna i Europa.
Ho var tidlegare ein del av Hampshire; men vart eit sjølvstendig administrativt grevskap i 1980. I 1974 vart det eit ikkje-metropolitansk og seremonielt grevskap.
Ein kan lett nå øya frå Portsmouth med luftputeskip. Det går òg mange passasjerbåtar over Solent: ruta frå Southampton til Cowes er 16 km lang, ruta frå Portsmouth til Ryde Pier er 8 km lang, ruta frå Portsmouth Gunwharf til Fishbourne er 11 km lang og ruta frå Lymington til Yarmouth er 6 km lang.