מדינת ישראל (Medinat Yisra'el) دولة إسرائيل (Dawlat Israil) (norsk: Israel, israelsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Hatikvah» | ||||||
Motto | ingen | ||||||
Offisielle språk | hebraisk, arabisk | ||||||
Hovudstad | Jerusalem (omstridd) | ||||||
Styresett |
Parlamentarisk republikk Reuven Rivlin Yair Lapid | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
20 770 km² (151.) ~2% | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2003) – Tettleik |
8 299 706 (98.) 6 780 000 399,6 /km² (19.) | ||||||
' Frå mandatet til Folkeforbundet |
14. mai 1948 (5. ijjár 5708) | ||||||
Nasjonaldag | 5. ijjár | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
281 800 mill. USD (54.) 35 800 USD (36.) | ||||||
Valuta | Ny israelsk shekel | ||||||
Tidssone | UTC +3 | ||||||
Telefonkode | +972 | ||||||
Toppnivådomene | .il
|
Israel, offisielt Staten Israel (hebraisk מְדִינַת יִשְׂרָאֵל, Medīnat Yisrā'el; arabisk دولة إِسرائيل, Dawlat Isrāʼīl) er eit land i Vest-Asia ved søraustkysten av Middelhavet. Det grensar mot Libanon i nord, Syria i nordaust, Jordan i aust og Dei palestinske territoria som består av Vestbreidda og Gazastripa i høvesvis aust og sørvest, Egypt og Aqababukta i Raudehavet i sør. Landet er geografisk variert sjølv om det har relativt lita utstrekning.[1][2] I grunnlova si definerer Israel seg som ein jødisk og demokratisk stat, og det er det einaste landet i verda med ein jødisk majoritet.[3]
Den 29. november 1947, tilrådde SNs generalforsamling at ein implementerte delingsplanen deira for Palestinamandatet. Den 14. mai 1948 erklærte David Ben-Gurion, leiaren for Sionistorganisasjonen og Jødisk byrå for Palestina «opprettinga av ein jødisk stat i Israels land, som skal heite Staten Israel», ein sjølvstendig stat som enda Palestinamandatet 15. mai 1948.[4][5][6] Arabiske armear frå nabolanda invaderte Palestina dagen etter og kjempa mot dei israelske styrkane.[7] Israel har sidan kjempa fleire krigar med dei nærliggjande arabarlanda,[8] og har i løpet av desse stridane okkupert Vestbreidda, Sinaihalvøya (mellom 1967 og 1982), delar av Sør-Libanon (mellom 1982 og 2000), Gazastripa og Golanhøgdene. Staten har annektert delar av desse territoria, mellom anna Aust-Jerusalem, men grensa til Vestbreidda er omstridd.[9][10][11][12][13] Israel har signert fredsavtalar med Egypt og Jordan, men forsøk på å løyse den israelske–palestinske konflikten har så langt ikkje ført til fred.
Det økonomiske senteret i Israel er Tel Aviv,[14] medan Jerusalem er den mest folkerike byen og hovudstaden i landet, sjølv om han internasjonalt ikkje vert rekna som ein del av Israel.[15][merk 1][16]
Av etniske grupper i Israel finn ein askenasiske jødar, mizrahiske jødar, palestinarar, sefardiske jødar, jemenittiske jødar, etiopiske jødar, bahrainske jødar, beduinar, drusarar, og mange andre grupper.[17] Folketalet i Israel, som talt av Israelsk statistisk sentralbyrå, var i 2014 estimert til 8 146 300 innbyggjarar, og av desse var 6 110 600 jødiske, mange av blanda etnisk bakgrunn. Den nest største folkegruppa i landet er arabarar, med 1 686 000 innbyggjarar (inkludert drusarar og dei fleste arabarane i Aust-Jerusalem).[18][19] Dei fleste israelske arabarane er muslimar, inkludert delvis fastbuande beduinar. Resten er kristne og drusarar. Andre minoritetar er maronittar, samaritanarar, svarte hebraiske israelittar, andre afrikanarar,[20] armenarar, tsjerkessarar, romfolk og andre. Det er òg mange utanlandske arbeidarar og asylsøkjarar i Israel frå Afrika og Asia.
Israel er eit representativt demokrati med eit parlamentarisk system, høvestalsval og allmenn røysterett.[21][22] Statsministeren er regjeringssjef medan presidenten har ei heller seremoniell stilling, og Knesset er det einkamra lovgjevande organet i Israel. Israel er eit industriland og OECD-medlem,[23] med den 43. største økonomien i verda etter nominell BNP i 2012. Israel har den høgaste levestandarden i Midtausten og den tredje høgaste i Asia,[24] og av dei høgaste forventa levealdrane i verda.[25]
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «merk», men inkje samsvarande <references group="merk"/>
-merke vart funne