Isstraum

Desse animasjonane syner isrørsla i Antarktis.
Snøggleikskart over Antarktis. Ein kan sjå isstraumane med aukande fart (blå-gult-kvitt) når dei nærmar seg kysten.[1]
Radarsatbielte av isstrraumar inn i Filchner-Ronne-isen.

Ein isstraum eller ei iselv er eit område av ein innlandsis som flyttar seg langt raskare enn den omliggande isen. Isstraumer er ein type isbre.[2] Det er mange isstraumar i Antarktis der dei utgjer kring 10 % av det samla isvolumet. Dei er opp til 50 km breie, 2 km tjukke og kan strekkje seg over hundrevis av kilometer, og det meste av isen som forsvinn frå innlandsisen går gjennom isstraumane.

Farten til ein isstraum kan vere over 1000 meter i året, dette er kring 10 gonger raskare enn isen rundt. Spenningskreftene langs kantane av isstraumane skapar deformasjon og ny krystallisering av isen, gjer han mjukare og konsentrerer deformasjonen i smale band. Det vert danna bresprekker, særleg langs kantane.

Dei fleste isstraumane har noko vatn under seg, som smører straumen. Kva slags grunnfjell han flyt over er òg viktig for straumen. Mjuke sediment fører til ein raskare straum enn hard stein.[3]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Bamber2000
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet NSIDC
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet BAS2009

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne