It's My Life-turneen Turné av Tin Machine | ||
Stad | Europa USA Japan | |
Tilknytt(e) album | Tin Machine II | |
Startdato | 5. oktober 1991 | |
Sluttdato | 17. februar 1992 | |
Talet på konsertar | 69 | |
Konsertkronologi | ||
---|---|---|
Tin Machine-turneen (1989) |
It's My Life-turneen | |
Konsertkronologi for David Bowie | ||
Sound+Vision-turneen (1990) |
It's My Life-turneen | Outside-turneen (1995–96) |
It's My Life-turneen var ein konsertturné av det engelsk-amerikanske hardrockbandet Tin Machine. Turneen starta 5. oktober 1991 etter to oppvarmingskonsertar, ein pressekonsert og tre konsertar for industrien. Turneen vitja tolv land og enda etter 69 konsertar. Dette var dermed ein langt meir omfattande turné enn den første turneen deira i 1989. Bandet spelte med vilje på intime spelelokale med eit par tusen seter eller mindre, slik at dei kunne fokusere på musikken utan alt det teatralske. Det var i sterk kontrast til dei førre soloturenane til Bowie, Glass Spider- og Sound+Vision-turneen.[1] Bowie ønskte òg å unngå og spele på større stader og arenaer fordi fansen kom til å møte opp «å håpe at eg kom til å gjere eldre songar eller noko slikt. Me ville ikkje ha den kjensla i det heile tatt.»[2]