Italia i Eurovision Song Contest

Italia

Offisielt Italia

Radiotelevisione italiana
Uttakingar
Deltaking
Debutår 1956
Deltakingar 47
Beste resultat
Finalen 1 (1964, 1990 og 2021)
Verste resultat
Finalen Sist (1966)
Poeng

Italia debuterte i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956. I 2022 deltok Italia for 47. gong, om ein ikkje reknar med den avlyste 2020-utgåva. Italia er eitt av dei fem store landa – ei gruppe på fem land som er automatisk kvalifisert til finalen på grunn av sine store økonomiske bidrag til tevlinga. Italia har vunne Eurovision Song Contest tre gongar: 1964, 1990 og 2021. Italia har kome på sisteplass éin gong, i 1966.[1] Italia har halde seg borte frå Eurovision Song Contest i åra 19811982, 1986, 19941996 og 19982010, men etter returen i 2011 har Italia vore blant dei ti beste åtte gongar, seinast med sigeren i 2021.

Italias eigne songtevling, San Remo-festivalen frå 1951, er opphavet til Eurovision Song Contest, og ei rekkje av San Remo-vinnarane har representert Italia i Eurovision Song Contest.[2] Landet har levert fleire slagerar og hitar til Eurovision Song Contest, der tredjeplassen til Domenico Modugno «Nel blu dipinto di blu» frå 1958 er den mest kjende. Under namnet «Volare» vart songen ein stor internasjonal slager og nådde førsteplassen på den amerikanske Billboard-lista. Vinnaren frå 1964, Gigliola Cinquetti og «Non ho l'età», vart også ein slager over heile Europa, det same gjorde låtar som «Piove» (1959), «Era» (1975), «Non so che darei» (1980) og «Gente di mare» (1987).

Fråværet 1990- og 2000-åra har ført til at Eurovision Song Contest er ei relativ ukjent tevling i Italia, særleg blant yngre italienarar.[3] Då Italia returnerte i 2021, var sjåartala låge, men mot slutten av 2010-åra auka antall sjåarar og marknadsandelen til rundt 20 prosent.[4][5][6] Den aukande interessa skuldast at kjende og populære artistar har representert Italia, og at kringkastaren Rai flytta finalen til sin flaggskipkanal, Rai 1.[7][8] Då Italia vann i 2021, vart finalen sett av rekordhøge 4,5 millionar sjåarar og ein marknadsdel på 25 prosent.[9]

  1. «Italy – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunionen. Henta 29. november 2016. 
  2. Victor M. Escudero (3. september 2017). «Ciao Italia! Top 10 entries from Italy». eurovision.tv. EBU. Henta 16. februar 2019. 
  3. «'Italians couldn't care less about Eurovision'». www.thelocal.it (på engelsk). 9. mai 2014. Henta 10. februar 2019. 
  4. «Audience share of Eurovision Song Contest finale 1987-2018 | Italy». Statista (på engelsk). Henta 10. februar 2019. 
  5. Granger, Anthony (13. mai 2018). «Italy: Over 3.4 Million Viewers for Eurovision 2018 Final». Eurovoix (på engelsk). Henta 10. februar 2019. 
  6. P, E. (19. mai 2019). «Finale Eurovision 2019: 3.539.000 telespettatori e 19,72% di share su Rai 1, +3% vs 2018». Eurofestival News (på italiensk). Henta 20. mai 2019. 
  7. «Italy migrates Eurovision to RAI 1, Sanremo is national selection». wiwibloggs (på engelsk). 2. oktober 2015. Henta 10. februar 2019. 
  8. Granger, Anthony (15. mai 2017). «Italy: Head of RAI 1 Reveals Ambitions For Eurovision & Sanremo». Eurovoix (på engelsk). Henta 10. februar 2019. 
  9. Golightly, Thomas (23. mai 2021). «🇮🇹 Italy: A Record 4.5 Million Viewers Tuned In To Watch First Victory For 30 Years». Eurovoix (på engelsk). Henta 24. mai 2021. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne